onsdag 1. juli 2009

Vandraren

Så har eg no komme meg heim te ho mor, sola skin, og eg kan nyte sommaren. Dagane mine består då av jobb på psykiatrisk, lange fjellturar, sosialt samkvem og mykje god mat.
Nytt av året er min lekre ipod. Har eigentleg synst at ipod på fjelle er oppskrytt, men etter å ha tatt den med, vandra i Guds frie natur, med den eine slageren etter den andre, har eg fått vanvittig mange følelsesmessige musikkopplevingar, sterkare, og meir gripande enn nokon gong. Det er utruleg kva musikk kan gjere med deg. Det som er endå betre er at eg kan nyte den i fred. I oslo er det nemmeleg ganske mange andre rundt meg som også likar å digge musikken sin. Og dette gjer meg ganske irritert. Her sett eg meg ned på t-bana og ser fram til å NYTE tonane fra spelemaskina mi. Men nei, etter max 2 min sett det seg ein endå større kar ved sida mi, og har tenkt å gjere akkurat det samme, berre med volum gange 1000. Makan til ungdom!!Eg vert so forarga. Dette skjer gang på gang, og gjer meg litt opprørt. Men som sagt. På fjellet er det andre bollar og eg nyt det!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar