søndag 21. desember 2008

Tankar frå eit rastlaust sinn

Aldri i livet om eg skulle få meg blogg. Eg som ikkje kan fordra desse nyteknologiske greiene. Nei hadde det vore opp til meg, så hadde dataen vore langt utanfor mine fire veggar, og eg hadde busett meg i eit lite stabbur i fjellheimen, gnistrande vedkubbar i peisen, stearinlys i alle krikar og krokar, skåler fulle av mandarin og yoghurtnøtter på bordet, og meg liggande på divanen, med ei god bok. Stillheit, undring og lyse tankar i ein ellers mørk desember kveld. Skulle eg hatt tak i nokon, ja då kunne eg berre ropt ut det lille vindauget, eller sendt eit brev med den  trufaste vandraren i mariusgensar. Han ordna alltid opp.
Men så har det no seg slik at verden ikkje er slik lenger, og eg har visst nokre planar om å bli lærar. Eg skal lære framtidas barn om det å gå ut i den store verden, og alt det samfunnet har å by på. Eigentleg synst eg det hadde vore koslegast å berre spele lovsang og synge gode gamle viser med elevane. Ja hadde desse østlendingane fått meg som lærar skulle vi terpa på både "Mellom bakkar og berg" og "Vestland Vestland". Dei veit ikkje kva dei har gått glipp av. Så ville eg foretatt eit rollespel om 2.verdenskrig, og lære dei å lage raspeballar. Men men, jaja. Eg kjem vist ikkje unna denne teknologien, sjølv om sinnet mitt er fullt av draumar.

Så her sit eg då i ei heilt tom leilighet på Kringsjå, og lagar meg ein blogg. Snart er det hegdehausvegen som kallar. Heile meg er som eit skranglekaos. Eg har iallfall ikkje julestemning, sjølv om eg prøvde, då eg proppa i meg sjokoladenissar. Nei, den er iallfall ikkje her. I morgon dreg eg heim strake vegen til Vestlandet. JIPPI!! EG ER SÅ KLAR AT EG KJENNAR BLODPUMPA MI HOPPAR SALTO! Eg og Synne skal vist sitte i baksetet og sjå på Gisle vink og lage aplegøyer. Heime ventar ho mor og han far, og har eg rett er huset pynta, maten baka, og julestemninga på topp.
Eg føler meg heldig. Kjenner lukke i kroppen. Eg trur ikkje det var det dama på t-bana kjente i dag. Etter jul skal eg lage bollar, og ta dei med til Oslos stakkarar. Ja, no har eg til og med skreve det også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar