Nytt av året er min lekre ipod. Har eigentleg synst at ipod på fjelle er oppskrytt, men etter å ha tatt den med, vandra i Guds frie natur, med den eine slageren etter den andre, har eg fått vanvittig mange følelsesmessige musikkopplevingar, sterkare, og meir gripande enn nokon gong. Det er utruleg kva musikk kan gjere med deg. Det som er endå betre er at eg kan nyte den i fred. I oslo er det nemmeleg ganske mange andre rundt meg som også likar å digge musikken sin. Og dette gjer meg ganske irritert. Her sett eg meg ned på t-bana og ser fram til å NYTE tonane fra spelemaskina mi. Men nei, etter max 2 min sett det seg ein endå større kar ved sida mi, og har tenkt å gjere akkurat det samme, berre med volum gange 1000. Makan til ungdom!!Eg vert so forarga. Dette skjer gang på gang, og gjer meg litt opprørt. Men som sagt. På fjellet er det andre bollar og eg nyt det!!
onsdag 1. juli 2009
Vandraren
Så har eg no komme meg heim te ho mor, sola skin, og eg kan nyte sommaren. Dagane mine består då av jobb på psykiatrisk, lange fjellturar, sosialt samkvem og mykje god mat.
onsdag 10. juni 2009
Sommarferie!!
Oioioio..eg trudde nesten ikkje det skulle skje, men etter 1 måne med, intens lesing,nja..meir lesing enn normalt og iallfall meir enn de eg er innteresert i kan eg altså sei eg har SOMMARFERIE!! Eg er fri. Eg slepp å lese på ein søndag, slepp å lese i det heile tatt, slepp å stappe i meg kopp etter kopp med sterk expresso for å halde meg våken, eg har tid til å nyte ein sjokolade, eg kan kaste alle stygge notatar som eg nok ein gong ikkje fekk bruk for, eg kan vere oppe heile natta og le ustanseleg utan å tenke på at dagen i morgon kan bli verre viss eg ikkje hoppar til køys, eg kan gjere oslos gater utrygge, eg kan sove endå meir, rett og slett nyte livet!!! Hm..det høyes ut som eg har hatt det grusomt. Eigentleg så har eg av ulike hyggelege årsaker hatt ei svært fin examenstid....:) Det er berre det at no kan eg verkeleg slå meg laus. Og den tanken er farleg spennande og innmari gledeleg!! Halleluja!!
fredag 27. mars 2009
Mens eg ventar på våren
..kjenner eg meg både slapp og sjuk...nei fysj..typisk det..Vårsola tittar sakte men sikkert fram, eg sleng av meg kleda, set meg i solsteiken, nyt kaffe og is, sola forsvinn, det blir kaldt og eg vert forkjøla..Det var vist ikkje vår alikevel. Iallefall ikkje i Oslo. Her snøva det ned som berre det! Eg vert litt sint. Ja eg kjenner at det vibrerar innvendig!! No vil eg berre gå i småsko og la håret blafre. Jaja, eg ventar på noko godt! Om ei veke er det påske. Då skal eg nyte vestlandet for fulle muggar. Faktisk ikkje Førde denne gong, men Stavanger. Og etter eit par dagar der går turen til Gran Canaria med verdens BESTE mamma og verdens BESTE systa. Vi skal berre slekke i ei heil veke. FRi tilgang til all mat og all drikke. Kjem te å bli så fleskande lat!! DEILIG:) Det blir meir enn berre tilfredstillande.
mandag 9. februar 2009
Februartankar
Jula gjekk og jula kom. Den var nydeleg. God mat, godt folk og gode samtalar. I løpet av jula blei eg også grådi god på slakking, slakking og atter slakking, men det er vel slik det skal ver. Og kva er vel betre enn å slakke med dei du er aller mest glad i??
Januar måne begynte brått,og etter ei fullkommen nyttårshelg i stavanger, var meg, Lena og Maria klar for vårt nye rede i hegdehausvegen. Eg viste det kom til å bli bra å flytte, men så bra. Vi kan jo gå til alt jo. Leiligheta har tatt oss med storm. Vi mildt sagt elskar den. Spesielt likar vi å sitte på barkrakkane våre og sjå ut kjøkkenvindauge med fersk nypressa kaffe med ein liten anelse melk i. Sjå på gamle damer med hatt og stokk, handy mannfolk, slitne kroppar, frognerfruer osv. Alle lever dei sitt liv, og vi lev vårt.
Av og til går det litt for langt. Men slik er det, og slik vil det bli.
Ellers besto januar av masse jobbing, masse examenslesing, JESUS, hakkebakkeskogen, lovsangsnetter i fila, besøk av kjente, overaskelsar, sjokolade, litt trening, litt stress og litt kos!!!
No er eg heime og bli pleia av ho mor. Og eg har lært meg og sy. Hadde ikkje tenkt meg at det skulle vere så artig, men jammen sa eg smør..
Ute lavar det ned..hin dagen var vi på ein fantastisk skitur, meg og gutta! Eg kan berre beskrive det med store adjektiv..og ja eg var fornøgd...

Abonner på:
Innlegg (Atom)