mandag 9. februar 2009

Februartankar

Jula gjekk og jula kom. Den var nydeleg. God mat, godt folk og gode samtalar. I løpet av jula blei eg også grådi god på slakking, slakking og atter slakking, men det er vel slik det skal ver. Og kva er vel betre enn å slakke med dei du er aller mest glad i??
Januar måne begynte brått,og etter ei fullkommen nyttårshelg i stavanger, var meg, Lena og Maria klar for vårt nye rede i hegdehausvegen. Eg viste det kom til å bli bra å flytte, men så bra. Vi kan jo gå til alt jo. Leiligheta har tatt oss med storm. Vi mildt sagt elskar den. Spesielt likar vi å sitte på barkrakkane våre og sjå ut kjøkkenvindauge med fersk nypressa kaffe med ein liten anelse melk i. Sjå på gamle damer med hatt og stokk, handy mannfolk, slitne kroppar, frognerfruer osv. Alle lever dei sitt liv, og vi lev vårt.
Av og til går det litt for langt. Men slik er det, og slik vil det bli.
Ellers besto januar av masse jobbing, masse examenslesing, JESUS, hakkebakkeskogen, lovsangsnetter i fila, besøk av kjente, overaskelsar, sjokolade, litt trening, litt stress og litt kos!!!
No er eg heime og bli pleia av ho mor. Og eg har lært meg og sy. Hadde ikkje tenkt meg at det skulle vere så artig, men jammen sa eg smør..
Ute lavar det ned..hin dagen var vi på ein fantastisk skitur, meg og gutta! Eg kan berre beskrive det med store adjektiv..og ja eg var fornøgd...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar