onsdag 10. juni 2009
Sommarferie!!
Oioioio..eg trudde nesten ikkje det skulle skje, men etter 1 måne med, intens lesing,nja..meir lesing enn normalt og iallfall meir enn de eg er innteresert i kan eg altså sei eg har SOMMARFERIE!! Eg er fri. Eg slepp å lese på ein søndag, slepp å lese i det heile tatt, slepp å stappe i meg kopp etter kopp med sterk expresso for å halde meg våken, eg har tid til å nyte ein sjokolade, eg kan kaste alle stygge notatar som eg nok ein gong ikkje fekk bruk for, eg kan vere oppe heile natta og le ustanseleg utan å tenke på at dagen i morgon kan bli verre viss eg ikkje hoppar til køys, eg kan gjere oslos gater utrygge, eg kan sove endå meir, rett og slett nyte livet!!! Hm..det høyes ut som eg har hatt det grusomt. Eigentleg så har eg av ulike hyggelege årsaker hatt ei svært fin examenstid....:) Det er berre det at no kan eg verkeleg slå meg laus. Og den tanken er farleg spennande og innmari gledeleg!! Halleluja!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar